Stedet
Bessheim ligg i Sjodalen, i Jotunheimen.
Øvst i Sjodalen er du på 970 meter over havet, og du er like ved tregrensa. Du har mykje å velje i når det gjeld turmål. Alt frå stutte turar til krevjande ruter til nokre av dei høgaste fjella i landet. Det tek 10 minutt å kjøre opp på Valdresflya, som ligg på 1400 m.o.h. Går du frå Bessheim og opp til Bessvatnet, kjem du til grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Frå her ser du majestetiske Besshø på 2258 m.o.h. På andre sida av Øvre Sjodalsvatn ser du Sikkildalshø og Heimdalshø, som også er fine turmål.
Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.
Vintersesongen på Bessheim varar frå fyrst i februar til omlag 10. mai kvart år. Fottursesongen byrjar fyrst i juni kvart år og varar til fyrst i oktober. Gjendebåten går stort sett kvar dag denne perioden. Gjendebåten fraktar passasjerar på Gjende, blant anna for å gå Besseggen.
Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene. Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste. Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.
I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.
Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.00 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i førevegen.
Vertskapet

Opplevelser
Sommer/høst
Besseggen
Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu, og går attende. Du tek Gjendebåten innover innsjøen Gjende og går attende. Turen tek for dei fleste 7-8 timar, og du får fantastisk fin utsikt utover fjellheimen, det grøne Gjende og det blåe Bessvatnet.Rafting i Sjoa.
Det er ca tre kvarter å kjøre ned i Heidal for å rafte i elva Sjoa. Sjoa renn rett forbi Bessheim, gjennom øvre Sjodalsvatn. Nede i Heidal blir ho villare, og er ei av dei beste raftingelvene i landet. Etterpå kan du gå på Ysteriet i Heidal for å prøve baksten, vaflene og raudosten deira!Vårski
I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Fine turmål er Rasletind, Høgdebrotet, Besshø og Nautgardstind. Heimdalshø er ein ideell randotur.
Glittertinden.
Mange som kjem til Jotunheimen vil få med seg dei tre mest kjende turane, Besseggen, Galdhøpiggen og Glittertind. Du kan bu her på Bessheim og få med deg alle tre, dersom du vil kjøre litt bil for å koma deg til utgangspunktet. For turen til Glittertind sin del så kjører du 30 km nordover, til Randsverk. Her kjører du inn til venstre mot Glitterheim og følgjer grusvegen i 27 km til du kjem til bommen. Her er det parkeringsplass og du må setje frå deg bilen. Nå står du ved grensa til Jotunheimen Nasjonalpark, og her er det bom på grusvegen inn til Glitterheim. Anten kan du gå dei 7 kilometrane inn til Glitterheim, anten kan du leige ein sykkel. Frå Glitterheim og opp på Glittertind er det vanleg å bruke 3 timar. Same rute attende. Det er merka rute heile vegen.
Eit anna alternativ er å gå frå Bessheim til Glitterheim etter den T-merka ruta, overnatt der, og gå på Glittertind dagen etterpå.
Vinter
Langrenn
Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp skiløyper her i Sjodalen. Skiløypene går mellom bedriftene og dei blir kjørt opp med snøskuter og sporleggjar. Løypene er kvista og du finn oversikt over dei på www.skisporet.no Det blir også kvista ein del løyper høgare til fjells også, blant anna rundt Brurskarsknappen, over Besstrondfjellet og innover Leirungsdalen. I tida rundt påske gjer Vågå Røde Kors ein stor innsats for å stikke innover Jotunheimen til blant anna Memurubu, Glitterheim og Gjendebu.
Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.
Adkomst:
Bessheim ligg fint plassert på fjellovergangen mellom Valdres og Gudbrandsdalen, attmed fylkesveg 51 over Valdresflya. Det er 34 mil til Oslo gjennom Gudbrandsdalen, og 25 mil til Oslo om Fagernes og Beitostølen. Frå Trondheim er det 31 mil, og frå Bergen er det knapt 36 mil, via Lærdal og Beitostølen. Vi har oppbrøytt veg opp hit heile året frå Sjoa og Vågå.
Bessheim ligg 75 km frå både Lom, Fagernes og Otta.
Merk deg at kvar vinter, mellom omlag 15. desember og 31. mars, er fylkesveg 51 Valdresflye stengt mellom Beitostølen og Maurvangen. Dersom du skal besøke oss i denne perioden må du køyre E6, til Sjoa. Sjoa ligg 1 mil sør for Otta. Frå Sjoa og opp hit til Bessheim er det 62 km. Vegen går opp gjennom Heidal. Etter 32 kjem du til Randsverk. Her kjem du inn på fylkesveg 51, og i krysset her tek du til venstre. Deretter køyrer du vidare innover Sjodalen til Bessheim.
I perioden frå Valdresflye opnar 31. mars og fram til 17. mai, er vegen nattestengd mellom 20.00 og 08.00. Det same gjeld ofte sist i november og fyrst i desember.
Det er ikkje til å koma unna at det enklaste er å koma til oss med eigen bil. Det kollektive tilbodet er ikkje veldig stort.